”Markedets makt over sinnene”
– ei overtydande argumentsamling for ATTAC
Det
er langt mellom kvar gong ATTAC sine kjernesaker vert tekne opp til skikkeleg drøfting på den norske bokmarknaden, men det har no skjedd i Bent Sofus Tranøy si bok ”Markedets makt over sinnene”.
Forfattaren har sett seg lei på korleis norsk politisk tenking
meir og meir vert prega av nyliberalistisk ideologi. Boka er spekka med talande døme frå både næringsliv
og offentleg forvalting, forutan frå forfattaren sine eigne røynsler som forbrukar. Han syner korleis ideane om ”deregulering” og ”(del)privatisering” av offentlege tenester, slett ikkje er noko den ekstreme høgresida har monopol på. Faktisk vart premissane for denne politikken
lagde alt under Stoltenberg si fyrste regjering.
Sentrale arbeidarpartifolk kom nemleg etter kvart til å sjå interessene sine best tente med at statlege institusjonar
vart gjorde om til aksjeselskap dei sjølve kunne taka over leidinga av og på den visen håve inn ein profitt
som mange gonger overgjekk dei tidlegare
statslønene deira. Tittelen ”Markedets makt over sinnene”
tykkjest i eit slikt ljos altfor smålåten. Tranøy gjev sjølv nok av døme på at sers handfaste økonomiske
interesser stod på spel.
Marknadsfundamentalisme
Tranøy tek eit oppgjer med nemninga “liberalisme” for denne politikken. I vestleg politisk tradisjon vert
”liberalisme” knytt til positive verde som ”demokrati” og ”menneskerettar”, medan marknadslogikken i
røynda stend for det stikk motsette. Han foreslår i
staden nemninga ”marknadsfundamentalisme”og gjennomfører ho konsekvent gjennom heile boka: Ein ”fundamentalist” er i utgangspunktet ein som hevdar ei bokstavtru og selektiv tolking av ei ”absolutt sanning” og vert vidare kjenneteikna av misjonsiver, antiintellektualisme,
i tydinga manglande vilje til analytisk tenking, og ei manipulerande haldning andsynes omgjevnadene. Tranøy sitt val av terminologi er difor vel grunngjeven. Ein lyt likevel spørja om det lettar kommunikasjonen monaleg å gje avkall på ei so internasjonalt innarbeidd nemning som ”nyliberalisme”. Ein betre strategi ville nok vera å presisera det faktiske innhaldet av omgrepet.
Tranøy byrjar med å gå til åtak på økonomifaget si rolle som premissleverandør for nyliberalistisk politikk. Det har vorti eit aksiom i moderne økonomi at
mennesket er eit rasjonelt kalkulerande vesen, som har eiga vinning som mål for all si handling. Tranøy syner òg korleis analysane til dei økonomane som kritiserer dette dogmet vert systematisk neglisjerte av den
politiske eliten. Det er den klassiske økonomien i
tradisjonen etter Adam Smith, som no vert tørka støvet av og nærast messa som ein liturgi. ”Marknadens
usynlege hand” vert trylleformularet som skal styre økonomien til gagn for alle, utan at korkje mål eller middel vert gjorde nærare greie for.
Friedman
Tranøy nemner Margaret Thatcher sin politikk i
Storbritannia på 1980-talet som eit skrekkdøme på korleis eit heilt land vart bruka som laboratorium for nyliberalistisk politikk. Med dei mange referansane han har til nyliberalistiske teoretikarar, kan det difor
tykkjest underleg at han ikkje nemner Milton
Friedman, som var den økonomen som inspirerte Thatcher til å setja denne politikken igjennom. For Friedman er låge skattar, låg inflasjon og ”ein naturleg arbeidsløyseprosent” føresetnaden for økonomisk
vokster. Staten si einaste oppgåve er å styre setelpressa for å hindre at pengemengda fører til auka inflasjon, slik at investorane sit att med tap. At dei skandinaviske landa i heile etterkrigstida førte ein politikk med både høge skattar og høg inflasjon, men samstundes, som Tranøy òg peikar på, hadde både den høgste
økonomiske voksteren og den lægste arbeidsløysa i den vestlege verda, vert av Friedman rekna som ein anomali: Han forklårar ”det skandinaviske mirakelet” med at vi har å gjera med små og kulturelt homogene samfunn, som gjer det lettare å motivera folk til å betala skatt. Friedman pressar her tydeleg empirien til det ytste for å halde kunstig liv i teorien. At røynslene frå ”det britiske laboratoriet”, med privatisering av kollektive gode som post og jarnveg tvert om forverra tilhøva dramatisk for brukarane, med høgare prisar, redusert tryggleik
(det har aldri vori so mange jarnbaneulukker i Storbritannia
som under Thatcher) og mindre effektivitet, har alt uthola det meste av Friedman sin argumentasjon.
Av di det ligg i fundamentalismen sitt vesen at ein ikkje klårgjer dei premissane ein byggjer på, tek Tranøy sjølv på seg oppgåva å klårgjera marknadsfundamentalismen
sine premissar. At dette ikkje er ei lett, men like fullt naudsynt oppgåve, seier seg sjølv. Tranøy sentrerer argumentasjonen i boka om seks postulat som han ser som ei samanfatting av marknadsfundamentalistane
sin posisjon: Det sjåvinistiske, det reduksjonistiske,
det naturalistiske, det sirkulære rettferdspostulatet,
det populistiske og det imperialistiske. Han drøftar kvar av dei både einskildvis og i samanheng, og krydrar med døme frå den norske kvardagen.
Sjåvinistisk
Etter det sjåvinistiske postulatet er privat sektor alltid betre og meir effektiv enn offentleg sektor av di han har konkurranse som berande prinsipp: Alt av “verdi” vert skapt i privat sektor, utan at verdiomgrepet vert vidare drøfta. Det er denne mangelen Tranøy søkjer gjera noko med: Han får på illustrerande vis fram korleis ”verdi” vert blanda i hop med ”finansieringsform”. Soleis vert alt som skapast i privat sektor “verdiar”, medan alt arbeid som vert nedlagt i offentleg sektor vert sett på som ei form for snylting. Vi har alt sett kva dette har ført til innan sjukehussektoren, der marknadsøkonomiske
prinsipp, som “målstyring” og “stykkprisfinansiering”,
har vorti reine trylleformularar, som set omsynet til økonomisk inntening framfor omsynet til pasienten. Heile elendet botnar i at marknadsfundamentalisten
ikkje maktar å sjå skilnaden mellom pris og verdi, av di marknaden som ”ein møteplass mellom frie og like individ” aldri vert problematisert. Han ser bort frå at prisen på ei vare kan avspegle makttilhøve. Han ser òg bort frå at dagens marknad, faktisk favoriserer
monopoldaning i staden for fri konkurranse. Faktisk stør staten aktivt opp om ei slik utvikling når konkurransetilsynet argumenterer for at ”inntening” og ”bedriftsøkonomisk soliditet” lyt prioriterast framfor forbrukarane sine interesser.
Reduksjonistisk
Etter det reduksjonistiske postulatet kan alt som
skapast av varer og tenester omsetjast i ein marknad til ein pris som vert avgjord av lova om tilbod og
etterspurnad. Gode, som tidlegare vart sedde på som sjølvklåre menneskerettar, som helse og utdaning,
vert omgjorde til varer og utlagde til kjøp og sal på ein marknad. Her òg øygnar vi den iveren etter å privatisera
offentlege tenester som norske regjeringar har lagt for dagen i seinare tid. Dei får her god hjelp av GATS-avtalene i WTO: Desse avtalene har gjevi dei vestlege landa gode kort på handa når det gjeld å presse u-land til å opne offentlege tenester og kollektrive gode for internasjonal kommersialisering. TRIPS-avtala, som garanterer retten til ”intellektuell eigarskap”, verkar i same lei. Ho gjer det mellom anna mogleg for
farmasøytiske storkonsern å ta patent på livsviktige medisinar. Fylgja vert at prisane vert skrudde i vêret i ly av marknadsmonopolet, slik at dei som treng medisinane mest ikkje lenger har råd til å kjøpe dei.
Naturalistisk
Etter det naturalistiske postulatet er marknaden ei
naturleg og spontan organisasjonsform som stend i motsetnad til ein regulerande stat. Her ser ein bort frå at sjølve føresetnaden for at marknaden skal fungera nettopp er eigedomsretten, som staten garanterer
gjennom valdsmonopolet sitt i form av politi og
militærmakt. Av dette fylgjer at patentrettane og
pengesystemet òg vert garanterte av staten.
Den moderne velferdsstaten har teki på seg oppgåver
som ikkje beinveges har å gjera med marknads-økonomien,
som utdaning og ulike omsorgsoppgåver. Men sjølv slike velferdsgode vil i neste omgang tena marknaden,
av di utdaning tilfører kompetanse, medan trygdesystemet
lastar ei rad utgifter frå næringslivet over på staten. Tranøy gjev gode døme på korleis private sjukehus har skodd seg på stykkprissystemet ved å laste alle utgiftene over på det offentlege og sjølve stikke av med profitten.
Sirkulær rettferd
Etter det sirkulære rettferdspostulatet får alle som tek del i marknaden løn som fortent, av di marknaden per definisjon gjev den mest effektive fordelinga av gode.
At utvikling av større ulikskap ligg innbygd i dette
effektivitetsomgrepet er noko ein berre må ta med på kjøpet. Ulikskap vert sedd på som eit naudsynt produkt av konkurransen i ein marknad. At maktmisbruk og rein slump vel so ofte spelar inn her passar ikkje inn i
modellen og vert glatt bortdefinert.
Populistisk
Etter det populistiske postulatet er det produsenten som rettar seg etter konsumenten i ein marknad: Han tilverkar berre det folk bed om. Dersom etterspurnaden vantar, fell òg grunnlaget for produksjonen bort. Dette føreset at konsumenten har verkeleg høve til å velja mellom ulike alternativ, noko som igjen føreset at han har tilgang til fri og full informasjon om samanhengen mellom pris og kvalitet. Ein ser bort frå at moderne marknader er prega av merkevarer, som storkonserna medvite brukar i reklamen for å forme konsumentane sine preferansar, eit tema som i seinare tid har vorti aktualisert med Naomi Klein si grundige granskning av merkevarene sin funksjon på den moderne marknaden i boka ”No logo”. Tranøy nemner ikkje Klein, men han får bra fram korleis merkevara har ein viktig funksjon
som symbolverdiar, av di ho både skapar tillit til produsenten og ei kjensle av identitet hjå forbrukaren. På den visen tek ”merket” plassen til sakleg produkt-informasjon.
Imperialistisk
Det imperialistiske postulatet er mest å rekne som ei oppsummering av dei føregåande fem. Det inneber at marknaden set seg igjennom som modell på alle samfunnsområde:
Aksjeselskapet vert det einaste verksame mønsteret for organisering og materiell vinst einaste kveiken til innsats. Det gjeld i det offentlege som i det private. Det finst berre éi form for effektivitet – den bedriftsøkonomiske.
Tranøy sin kritikk råkar ikkje berre høgresida i politikken. Der i garden kunne ein vel knapt nok vente anna enn at marknadsfundamentalismen sine vedtekne sanningar vert slukte rått – i allfall etter at dei verdekonservative krinsane i Høgre ein gong for alle har vorti skovne ut over sidelina. Meir alvorleg er det at parti som Senterpartiet og SV òg no ser ut til å ha godteki marknadsfundalismen sitt effektivitetsomgrep, og i staden argumenterer defensivt, ved å setja omsynet til ”rettferd” og ”likskap” opp mot effektivitet.
Eit nyttig tilskot
Tranøy sin reduksjon av marknadsfundamentalismen sin kjerne til seks postulat kan verke noko tilfelleleg og i praksis vil grensene mellom dei ofte vera uklåre. Dei utgjer truleg heller ingen uttømande karakteristikk av marknadsfundamentalismen. Men, som både Tranøy sine konkrete døme, og vonleg òg mine eigne i denne omtala, har synt, fangar dei inn ei rad sers openberre konsekvensar av han og gjev gode forklåringar på dei utslaga av den nyliberalistiske politikken som vi no ser fleire og fleire av også i vårt eige land. Det er serleg for den skuld og dei skarpe og avslørande analysane av
dette at boka må ynskjast velkomen som eit nyttig tilskot
til den norske globaliseringsdebatten.
Harald Henrik Støren er redaksjonsmedlem i Utveier
Diskuter artikkelen
Her kan du kommentere artikkelen. Redaksjonen forbeholder seg retten til å
redigere innkomne kommentarer/leserinnlegg. Innleggene vil bli publisert
fortløpende på utveier.attac.no
Hvis avsenderadressen er feil vil e-posten ikke bli behandlet. For å legge
ved filer må du sende e-post til